TOK ATTVAL: Einar Malvin Duvold held fram som leiar i Gloppen Bondelag.

 

På årsmøtet vart festivalen Matamål diskutert. Laget hadde godt overskot grunna dugnaden kring Matamål.

HMS-kurset Tryggare Saman var også tema. Dette kurset vart gjennomført i Gloppen, og var eit av seks pilotprosjekt i Norge. No skal resten av lokallaga i Norge gjennomføre same kurs.

Elles var det spørsmål frå medlemmer, om at innspel til jordbruksforhandlingane bør sendast ut til medlemmer, før ein sender det til Sogn og Fjordane Bondelag.

Leiaren i Gloppen Bondelag, Einar Malvin Duvold, tok attval.