ALLE SOM VAR PÅ VAL I STYRET, TOK ATTVAL:  Margun Myrmel Øren, Britt Siri Hauken, Leif Bjørvik, Jarle Lundekvam, Nils Arve Styve og Kjell Fauske.

 

Møte starta med lysbilder frå påsketurneringa i gaularhallen. Der stilte landbruket med eige lag, Bondesligaen. Det gjorde inntrykk både på bana og hjå heiagjengen. 

Deretter gjekk leiar, Jarle Lundekvam, gjennom årsmøtesakene. Årsmeldinga syner eit lag med god aktivitet. Dei har mellom anna arrangert to kveldar med bondekafê, der eine kvelden var kombinert med informasjon frå Gjensidige forsikring. Det var godt oppmøte begge kveldane. 

Det har også vore arrangert tre gardsbesøk for 8.klasse og våronnmøte i samarbeid med Norsk Landbruksrådgiving. Styret har vore representert på dei fleste arrangement i regi av fylkeslaget.

Arbeidsplanen for det komane året tilseier like høg aktivitet. 

Under møtet vart det mellom anna diskusjon knytt til eigedomsregelverk og regionreform (kommuner og fylker).