Torsdag 16.10 hadde Gaular Bondelag årsmøte på Tønna. 21 medlem stilte. Frå fylkesstyret stilte leiar Per Hilleren.

Møtet vart opna av leiar Arne Mo. Han vart også vald som møteleiar.

Årsmeldinga vart godkjent, det same blei rekneskapet. Rekneskapet syner at det er god økonomi i laget.

Vidare var det val. Britt Leversund Hauken vart vald til ny studieleiar, elles var det ikkje store endringar.

På møte drøfta dei saker som er oppe i det politiske bilete. Både beitekrav, marknadsordningar og momsgrense vart diskutert.

Det kom fram at dei tykkjer beitekravet er ei vanskeleg sak, og at ein må kunne bruke skjønn. Kvoteregionar vart teke opp og laget ser det som viktig å behalde dei fylkesvise kvotegrensene. Vidare vil dei kjempe for å oppretthalde marknadsordningane og laget er urolege for heving av momsgrensa.