STYRET I FJALER OG HYLLESTAD BONDELAG: Per Magnar Sognnes, Camilla Avedal Ulvik, Morten Langeland og Jens Norvald Sagevik.  Håkon Langedal sit også i styret, men var ikkje tilstades då bilde vart teke.

 

Årsmeldinga syner eit godt og variert engasjement. Laget har mellom anna arrangert frukost med ordførarane i Fjaler og Hyllestad, planlagt gardsbesøk med stortingsrepresentant Pål Farstad (V) og vore delarrangør for Open Fjøs hjå Magne Norddal. 

 

På møtet vart ulike tema drøfta:

-korleis klare å engasjere/involvere fleire i nærområdet til lag og oranisasjonar i næringa? Trenden er tydeleg, mange av dei same ansikta går att i fleire organisasjonar og snittalderen er relativt høg. 

- Landbruksplast: kort tid frå varsling av konkret dato, til plasten vert henta. Det er utfordrande å levere i tide. Dei siste åra har det også vore tilfeller av feilsortering.

- Hjort! Krevande å drive grovfôrproduksjon med ein hjortebestand som veit kor graset er grønast, og rundballane ligg lagra.