Årsmøte vart opna av leiar Asle Magne Ellingsund, totalt åtte medlemmer stilte.

Deretter vart årsmeldinga og rekneskapen godkjent.

Laget har god aktivitet, dei har hatt 7 styremøter og delteke på ulike arrangement. Mellom anna Eikefjorddagane og Open Gard. Vidare er Eikefjord Bondelag ein viktig del av bygdeaktiviteten i Eikefjorden og dei tykkjer det er viktig at dei er eit eige lag.

Av faglege tema vart mellom anna momsgrensa og kvotegrensa teke opp.

Elles vart styret gjennvald med eit skifte i valnemda.