Årsmøte til Aurland Bondelag vart halde på Duehuset. Der møtte 12 personar. Leiar Gøril Tveiten Lie opna møte med ein lokk.

Aurland Bondelag er eit lag med stor aktivitet. Det viste årsmeldinga. Det har mellom anna vore mykje aktivitet i samband med jordbruksoppgjeret og Sogn Jord-og Hagebruksskule. Laget har løyvd 5000 kroner til prosjektet "Redd økoskulen". Dessutan har dei utnemd fire butikksjefar i kommunen til bondevenner. 

Vidare vart rekneskapen lagt fram og godkjent. 

Det var også diskusjon knytta til aktuelle tema. 

Elles var det val. Gøril Tveiten Lie tok attval som leiar.