- Det har vore ein stor jobb å gå gjennom styresaker og brev heilt tilbake til 1950, men eg vonar vi ved dette grepet har sikra eit viktig historisk materiale for dei som kjem etter oss, held Haugland fram. Vi har laga oss brukskopiar av protokollane, medan orginalane vert levert i privatarkivet til fylkesarkivet  på Leikanger i dag.  Det er flott at fylkeskommunen har eit arkiv som gjer det mogleg å ta vare på historia til private organisasjonar på ein trygg måte, seier ein Haguland før han set seg i bilen og legg i veg til Leikanger.  Han håpar at nokon vil finne det av interesse å studere saksomfanget og hendingane i Sogn og Fjordane Bondelag si historie.