Det deltok 111 deltakarar på skattekurset, 13-14 november og 102 på temakursa 12. november. Rekneskapsførarkurset er i utgangspunktet eit fylkesdekkande arrangement, men i samband med den nye Kvisvegen var det også deltakarar frå Søre Sunnnmøre som fann vegen til Alexandra kortare enn til kursstaden i Møre og Romsdal.  

På skattekurset var forelesarane frå Norges Bondelag advokat, Jan Bangen, og rådgjevar Arnstein Tveito.Temaet handla om det statlege skatte og avgiftsopplegget for 2012 og aktuelle skattesaker knytt til dette. Skatteetatens time vart dekka opp av Lars Erik Aamot, Skatt Øst, som tok for seg aktuelle skattesaker knytt til landbruksnæringa.Vidare var følgjande tema oppe: pensjonsrådgjeving, frå BA til SA, ansvarlege selskap, eigedomsskatt på gardsbruk og ein open post med moglegheit for grunngjevne spørsmål frå deltakarane.

Deltaking på temakursa og skattekurset er ein del av det faglege kravet til etterutdanning knytt til autorisasjon for rekneskapsførarane. Når det gjeld temakursa tilrettelegg Økonomiforbundet årleg ulike fagtema som rekneskapsførarane i fylka prioriterer innafor. For vårt fylke vart prioriteringa dette året Bokføringslova og Juss i landbruket. Foredragshaldarar på tema Bokføringslova var Jon Baggetorp, Spydeberg Rekneskapslag, og på tema juss i landbruket, advokat Svein Aaling, advokatkfirmaet Orwald & Co AD.

 

Anny Marie Gjerde Egge og Ranveig Årskog frå Økonor Gloppen er oppdaterte på bokføring og skatt etter tre dagar med kurs i Loen.