FRÅ VENSTRE: Tom Even Langø, Ina Steiro Herstad, Olav Scott Nord og Knut Tore Nes Hjelle.

 

Det var ein stolt gjeng som mottok de gjeve prisen årets lokallag i Sogn og Fjordane Bondelag for 2018. Gåva var ein sjekk på 5000 kroner. 

 

Juryen grunngjev tildelinga av Årets lokallag i Sogn og Fjordane slik:

Årets lokallag i Sogn og Fjordane har hatt god aktivitet gjennom året med ei rekkje arrangement som har styrka både det sosiale samhaldet, gitt medlemmene fagleg påfyll og gjort Bondelaget synleg i lokalmiljøet.

Laget har mellom anna arrangert Open Gard, skulebesøk, ostekveld, Bondekafe, akekveld og sommarfest.
Dei arrangerte også studiering i forkant av jordbruksforhandlinane.

Laget har hatt 6 styremøter, og har tilsaman handsama 33 saker. Laget er også flinke til å delta på både møter og arrangement i regi av fylkesslaget, og dei gjere ein god jobb i vervearbeidet.

Dei er aktive under Malakoff, og mange medlemmer stilte opp på dugnad også i år. Laget er gode til å stille opp på ulike arrangement i nærområdet, og synleggjer Bondelaget på ein fantastisk måte.
Alt dette står det stor respekt av!

Prisen som året lokallag i Sogn og Fjordane Bondelag går til Eid Bondelag.