Glade vinnarar frå Nordalsfjord, Eikefjord og Flora Bondelag.

 

I grunngjevinga står det: 

Eit av laga skipa til Open Gard i 2015, og det er tradisjon for at Open Gard går på rundgang mellom laga i kommunen. Dette gjev ein god kontinuitet for Open Gard og er med på å å gje gode opplevingar for publikum, og byggje opp omdømmet til næringa vår.

Laga er alltid godt representerte på fylkesdekkande møte og arrangement, og årsmøtet her er ikkje noko unntak.

Laga har tradisjon for samarbeid ved vårkampanje og aksjonar. I 2015 vart vårkampanjen gjennomført på den vidaregåande skulen i kommunen, der det vart delt ut buttons til bondespirar, skapbønder, og bybønder.

Fellesstyret for laga er velfungerande, og koordinerer arbeidet til laga i landbrukspolitiske saker. Dei tre laga har gått saman om å lage ei felles brosjyre som presenterer landbruket i kommunen, og denne blir mellom anna brukt i møte med politikarar.

Laga finn det sosiale fellesskapet i Bondelaget viktig, noko som er spegla att i aktiviteten.

 

Prisen for årets lag 2015 går til dei tre Bondelaga i Flora kommune; Nordalsfjord, Eikefjord og Flora Bondelag.

 

Kr. 7500 vert betalt ut til Fellesstyret i kommunen.