Onsdag 22.mai arrangerte Forum for Natur og Friluftsliv Sogn og Fjordane seminar med temaet Vindindustri på land. Ein av føredragshaldarane var Geir Gaarder som er utdanna naturforvaltar frå Ås og jobbar med kartlegging og verdisetjing av naturmangfald gjennom konsulentfirmaet Miljøfagleg Utredning. Gaarder tok føre seg utfordringane verda står overfor i forhold til arealendringar og tap av biologisk mangfald, samt kva etablering av vindkraftanlegg i Noreg kan ha å seie for dette.

I ein nyleg rapport frå Det Internasjonale Naturpanelet IPBES om verdas naturtilstand, kjem det fram at opp mot 1 million artar kan forsvinne på verdsbasis. Utviklinga er akselererande, og det er eit aukande problem globalt. Gaarder legg fram dystre tal frå rapporten, som at 75 % av landjorda og 66 % av havet er merkbart påverka. Forbruket av naturressursar er nesten dobla sidan 1980, byarealet er dobla sidan 1992, plastureining er 10-dobla frå 1980 og 23 % av landjorda er forringa som følgje av jordtap og ureining. Dette er negative trendar som ser ut til å halde fram etter 2050.

Situasjonen er ganske lik for Noreg, då vi har eit stort press på naturen med fleire truga artar og naturtypar. Alle data tyder på at det er arealendrinar som er hovedtrusselen. I Sogn og Fjordane er attgroing av biologisk viktig kulturlandskap ein av dei store påverkarane.

I forhold til vindkraftutbygging, viser Gaarder til fleire konsekvensar for areal og biologisk mangfald. To vindturbinar krev 1,6 km veg, 70 vindturbinar utgjer eit areal tilsvarande 35 fotballbaner og 56 km veg. Dette blir som regel plassert i upåverka natur, og sjølv om områda som regel er artsfattige så utgjer dette eit stort inngrep i naturen.

Av eigne erfaringar fortel Gaarder om at det varierar kor mykje omsyn det blir tatt til naturen ved utbygging. Det er utbyggar som betalar utredar for ein rapport på området det er ynskjeleg å etablere seg i. Dette kan medføre at pris blir vektlagt meir enn kvalitet og kompetanse, samt problem i forhold til uavhengigheit for utredar. Vidare er det eit generelt krav om å primært bygge vidare på å eksisterande kunnskap og relativt kostbart å skulle utføre feltarbeid. Dette, saman med korte tidsfristar for når ein utgreiingsrapport skal vere ferdig, gjer det umogleg å drive undersøkingar over fleire år, sjølv om Gaarder ser at fleire sårbare artar krev undersøkingar over fleire år før vi kan fullt ut forstå korleis dei blir påverka av ei eventuell utbygging.

Gaarder oppsummerar med at sjølv om arealendringar er den største trusselen for tap av biologisk mangfald, må ein sjå på samla belasting. Gaarder etterlyser betre planlegging og meir heilheitleg politikk som viktige delar av løysinga på problemet. Ein må bruke meir tid på utgreiing og etablering av ei nasjonal ramme for vindkraft slik at det er meir substans i vurderingane og tilråingane som blir gjort. 

I tillegg til å snakke til politikarane som var til stades i salen, retta Gaarder òg eit spørsmål til dei ulike interesseorganisasjonane som set motstand mot utbygging av vindkraft. Her saknar han at dei tar eit aktivt oppgjer med bakgrunnen for utbygginga, nemleg auke i forbruk i samfunnet. - Verkelegheita er komplisert, og komplekse utfordringar må ha komplekse løysingar. Eit forsøk på å forenkle løysinga er kanskje den største politiske trusselen, uttalar Gaarder.