Årdal Bondelag er eitt av dei minste lokallaga i Sogn og Fjordane. - Vi er ikkje så mange medlemer, men så lenge vi klarar å gjennomføre litt aktivitet gjennom året er vi samde om å halde fram som eige lag.  - Vi har gjennomført både studiering før jordbruksforhandlingane og skulebesøk for 8. klassingane i Årdal, seier Hovland.  Dette ynskjer vi å halde fram med også i 2019.  Å ha kontakt med skulane og formidle kunnskap til ungdomen i industrikommunen Årdal kjenner vi på som viktig og morosamt, seier ein engasjert Hovland.

Leiar Ole Bjarne Hovland t.v. og styremedlem Per Bjørkum til høgre.