Hans Christian Pedersen

Rypebestanden på landsplan talde i 2009 om lag 180.000 individ, den lågaste registreret bestand sidan 1974. Med utgangspunkt i reduksjon i rypebestanden vart det sett i gong eit Rypeprosjekt 2006-2011, knytt til NINA i Trondheim og Høgskolen i Hedmark, som Hans Christian Pedersen er knytt til.

Pedersen peika på nokre vesentlege faktorar som påvirkar rypebestanden i negativ lei; redusert næringstilgang, fysiske hinder som kraftliner og reingjerder, lyngbrenning og brenning av fjellbjørk, klimaendring med gjenngroing av myr og høgare skoggrense med tettare skog, revebestanen og menneskeleg adferd.

- Mellom 60.000-100.000 jegrar tek ut om lag 10% av rypebestanden årleg ved jakt. Ca 45% av bestanden har ei naturleg dødlegheit. Ca 15% uttak av bestanden ved jakt gjev ein bærekraftig rypebestanden.

- Lite attraktivt for jeger og lite pengar å tene for jattrettshavar ved sal av dag- og vekekort. Sesongkort på 15 ryper er meir interessant for jegerar, 5 rype er mindre interesssant. 50% av dei som jaktar ser på jaktturen som viktigare enn jakta, spesielt for dei som jakta med hund. Skyt jegeren 4-5 ryperper er alle jegerar i denne kategorien nøgde med fangsten. Ved ei skota rype er 60% nøgde.Den radisjonlle jakta har mest aktualitet, ikkje kopla til overnatting og andre utvida tenester kring jakta. Dei mest attraktive jaktområda er det i Trøndelag og Finnmark.

- Må ha 2.5 kylling pr. par om rypebestanden skal vere i ballanse. Der det er god habitat i terrenget kan ein ha 10 hekkingar innanfor eit arealområde. På samme areal med dårleg habitat berre to klekkingar.

- Fangstrapport er viktig som grunnlag for bestandsplanlegging og jakt. Utfordringa her er at innraportering kjem etter jaktsesongen og dekker berre 60% av jakta. Det er spesielt tregt å få inn jaktrappport frå private grunneigarar. Det beste datagrunnlag om dette kjem frå statsallmenningane.

- Taksering av rypebestanden er eit viktig grunnlag for bestandsplanlegging, der stripetaksering i deler av jaktterrenger er blitt ein sentral arbeidsmetode. Ved ei normal stripetaksering i terrenget finn ein 30-40 % av samla bestand i eit område. I vårt fylke er det i gong kartlegging av rypebestanden på Gaularfjellet. Men fjellformasjonar og vegetasjon set ei grense for slik kartlegging i vårt fylke.

- For framtida kan det bi meir områdeforvaltning av rypebestanden, der ein deler inn terrenget i ein del for jakt og ein del som omsynsterreng, der det ikkje er jakt for å ivareta rypebestanden, såkalla refugier. I eit framtidig forvalningsperspektiv bør 25-40% av rypebestanden vernast for jakt. Ein metode her kan vere å tildele kvotejakt, til dømes 3 jaktmanndagar pr. km2. terreng. Får ein til ein godt tilpassa rypebestand, kan også vinterjakt bli ei meir aktuell jaktform.