Den unge lokallagsleiaren frå Askrova har vore med i styret i Flora Bondelag i fire år, og har hatt leiarvervet dei siste to åra. Torsdags kveld vart han einstemmig valt til å leie laget vidare det komande året. Med seg frå det "gamle" styret har han Leidulf B. Stavø, Herborg R. Melvær, Harry Aldeholm og varamedlem Hjørdis Svortevik. Øyvind Mjønerud frå Standalen vart valt inn i styret for to år, og Hallvar Espeseth frå Askrova vart valt inn som varamedlem for eit år.

Dag Magne Knapstad og Randi Rønnekleiv Melvær ønskte ikkje å ta attval, og Espeseth nytta høvet til å takke dei for innsatsen dei har gjort for Flora Bondelag.

Flora Bondelag skal det komande året jobbe med medlemsverving, politikarkontakt, jordbruksforhandlingar og Open Gard.

Styret i Flora Bondelag 2012-2013: F.v 1. vara Halvar Espeseth, Øyvind Mjønerud, leiar Andrè Espeseth, Herborg Rønnekleiv Melvær og Harry Aldeholm. Leidulf B. Stavø var og tilstades på årsmøtet, men måtte reise før fotograferinga.