Valnemnda til Sogn og Fjordane Bondelag har avslutta sitt arbeid. Anders Felde frå Breim er innstilt som ny leiar i Sogn og Fjordane Bondelag.

Vidare innstiller valnemnda på attval av styremedlem Kari Sigrun Lysne frå Lærdal. Ole-Ivar Åm Sognnes frå Leirvik er innstilt som nytt styremedlem. Åm Sognnes har tidlegare vore 2. og 3. vara til fylkesstyret.

Valnemnda har også innstilt på attval av 1. vara, Marianne Kvalvik Kvamme frå Eikefjorden. Som ny 2. vara er Inge Brekke frå Bjordal innstilt, og Tor Arne Herstad frå Naustdal er innstilt som ny 3. vara.

Marit Flatjord frå Stardalen og Nils Magne Gjengedal frå Hyen sit også i styret, og desse er ikkje på val i år.

Vala skal gjennomførast på årsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag på Skei den 5. og 6. mars.

 

Kontaktperson for valnemnda er leiar Kari Ringstad frå Askvoll, 992 71 553