- Det er eit krevjande verv med mange reisedagar og eit svært breidt spekter i tema og problemstillingar som eg må forhalde meg til, men det er også det som gjer vervet som fylkesleiar til eitt av dei mest spanande og interessante verva i landbruket, held Felde fram.  Anders Felde har vore leiar i Sogn og Fjordane Bondelag sidan mars 2015.

Valnemnda på si side er glade for at Felde har sagt ja til å halde fram som leiar.  - Felde er ein tydeleg, kunnskapsrik fylkesleiar med svært stor arbeidskapasitet seier leiar i valnemnda Ingvill Tronrud.  Han er ein svært god talsperson for landbruket i fylket.

Ole Bjarne Hovland innstilt som ny nestleiar

Valnemnda innstiller Ole Bjarne Hovland frå Naddvik i Årdal som ny nestleiar etter Ole-Ivar Åm Sognnes som hadde takka nei til vidare verv i styret.  Ole Bjarne driv med sau og har vore 1. vara til fylkesstyret dei siste to åra.  Han kjenner difor organisasjonen og arbeidet i fylkesstyret godt.   Dei andre i styret er Kari Sigrun Lysne frå Lærdal, Nils Magne Gjengedal frå Hyen og Henriette Sunde frå Jølster.

Som vara til fylkesstyret  innstiller valnemnda følgjande i nummerrekkefølgje:

1. Gry Ingvild Agjeld, Olden

2. Olav Høyheim Einan, Hafslo

3. Tor Arne Herstad, Naustdal

Valet av nytt styre for arbeidfsåret 2019/2020 skal skje på fylkesårsmøtet på Skei fredag den 8. mars.

Kontaktperson: Leiar i valnemnda Ingvill Tronrud, 90534087