Anders Felde innstilt som leiar i Sogn og Fjordane Bondelag

Publisert 21.02.2020
  • Tips en venn om denne siden

Innstillinga frå valnemnda i Sogn og Fjordane Bondelag er klar, og Anders Felde er innstilt til sitt 6.år i leiarstolen for fylkeslaget.

Anders Felde har vore leiar i Sogn og Fjordane Bondelag sidan mars 2015, og blir no innstilt som leiar for eitt nytt år. Ole Bjarne Hovland vert òg innstilt som nestleiar for eitt nytt år.  

Ny inn i styret er Gry Ingvild Agjeld frå Agjelda i Olden. Gry Ingvild driv med sau, og har vore 1.vara til fylkesstyret det siste året. Slik sett har ho god kjennskap til organisasjonen og arbeidet i fylkesstyret. Nils Magne Gjengedal er innstilt til attval, medan Kari Sigrun Lysne er ikkje på val i år.  

Som vara til fylkesstyret  innstiller valnemnda følgjande i nummerrekkefølgje:
1. Ellen Kristin Eiken, Hellevik
2. Olav Høyheim Einan, Hafslo
3. Mathilde Dolen Nesje, Oppstryn

Valet av nytt styre for arbeidsåret 2020 skjer på fylkesårsmøtet på Skei fredag 6.mars.

Kontaktperson: Leiar i valnemnda Kjell Humlestøl, tlf 91819552

Tid for saktemat

Lammelår er for mange ein like viktig del av påska som påskekrim, påskeegg, påskeharen og påskelabyrinten. Her kjem tips til påskeklassikaren, kanskje du skal grave den ned?

Ringorm-seminar

Ringorm-seminar

3.mars vart det arrangert ringorm-seminar i Oslo, sjå seminaret på video her.

- Eg ser lyst på beitesesongen

- Eg ser lyst på beitesesongen

Landbruks- og matdepartementet har fastsatt reglar som gjer det mogeleg å bruke ulike typar salt til beitedyra i Nordfjella.

Her underviser Gert Runar elevane

Her underviser Gert Runar elevane

Gert Rune Rørvik underviser på Mo og Øyrane vidaregåande skule, avdeling Mo. For tida har han nettundervisning for elevane grunna koronaviruset. Heimekontoret deler han med borna sine.

- Me har sett i gang tiltak

Aukar beredskapen

Koronaviruset gjer at landbrukstenester Sogn SA har auka beredskapen.

Våre samarbeidspartnere