Anders Felde er ny leiar
- Som ein person med sterkt engasjement for landbruket kunne eg ikkje la denne sjansen gå frå meg, seier nyvald leiar i Sogn og Fjordane Bondelag Anders Felde frå Breim.
Felde tek over etter Per Hilleren som vart takka for stor innsats gjennom 7 år som leiar i Sogn og Fjordane Bondelag.
Med seg i styret får Felde; Marit Flatjord frå Stardalen som nestleiar og styremedlemene Nils Magne Gjengedal frå Hyen, Ole-Ivar Åm Sognnes frå Hyllestad og Kari Sigrun Lysne frå Lærdal. Marianne Kvalvik Kvamme frå Eikefjorden er 1. vara til styret. Inge Brekke frå Ortnevik er 2. vara og Tor Arne Herstad frå Naustdal vart vald til 3. vara.