Medan skinnprisane er på veg opp er norsk pelsdyrhald på veg mot nedlegging.   - Det er eit stort tankekors at Stortinget går til det skrittet å legge ned ei heil næring og med det fjerne ei viktig distriktsnæring som er dyktige og etterspurt i den internasjonale marknaden, seier ein svært engasjert Gjengedal.   Sentraliseringa i busetnaden og arbeidsplassar har gjort avstanden mellom produserande næringsliv og papirflyttarar som lever sitt liv framfor skjermen og på asfalten altfor stor, held Gjengedal fram med endå større engasjement.  Da gjev kunnskapsmangel. 

All heider til dyktige yrkesutøvarar som har stått i stormen.   På årsmøtet på Sandane delte leiar i Fjordane Pelsdyralslag, Atle Roger Evebø ut diplomar til dyktige pelsdyroppdrettarar som hadde delteke med skinn på utstillinga.  Han var sjølv ein av dei.

 

Bilete f.v.: Alme, Lundestad, Muri, Evebø, Birkeland senior og junior, Lundestad og Grimen.   Eit fantastisk resultat av svært flinke oppdrettarar.   Fleire av oppdrettarane frå fylket har også oppnådd æresprisar for produserte skinn på nasjonale utstillingar.

Styret i Fjordane Pelsdyralslag: f.v.: Hans Arne Lundestad,Odd Henning Brungot,Jetmund Øye,Stig Muri, Atle Roger Evbø og Ranveig Evebø.