Lokale mat- og serveringsbedrifter kan få fagleg hjelp gjennom Kompetansenavet. Noreg er delt inn i 5 Kompetansenav  som utarbeider tilbod som kurs, seminar, nettverk, studieturar, hospitering og gi oppfølging av fagpersonar gjennom besøksordninga. Arbeidsområdet til Kompetansenavet Vest er Hordaland og Sogn og Fjordane. Kompetansenavet Vest har base på Sogn Jord- og Hagebrukskule i Aurland, men har aktivitetar rundt om i begge fylka

Fagdag spekepølse

Djupne i bakterier og startkultur, flytskjema, farar og system for produksjonen. Fokus på små produksjonar.  Fagleg innlegg ved mellom anna Hans Blom. Orientering om tur til Færøyane i mars – speking og fermentering kjøt.

Bergen, Statens hus onsdag 14. februar 2018 kl. 11.30-16.30

Påmelding til: aud.slettehaug@sfj.no

 

Oppfyring i bakaromn, brødbakst i vedfyrt omn.

Fjordamattunet 2.-3. mars 2018, påmelding direkte til Kari Støfringsdal, www.fjordamattunet.no

 

Praktisk kurs i foredling frukt og bær,

9-10 mars 2018, pressing av saft, syltetøy, tapping og råd om teknikkar, varme, reinhald, tilsettingar.

roken Frukt og Bær, Kroken i Luster, påmelding til paamelding.sjh@sfj.no for info om overnatting kontakt: anne.lise@haukadal.no     Program kjem på www.sjh.no 

 

Driftsbudsjettet, driftsrekneskapen, marginar og bruttofortjeneste.

Ved Åslaug Stadheim Ese og Aud Slettehaug.

Med å ha klare grenser for kva din driftsmargin er, kan du lettare ta besluttnignar om rett pris. Subsidierer du ein produksjon ved hjelp av ein annan? Kva bruttofortjeneste bør du ha på produktet ditt? Sjølvkost eller bidrag, % påslag er ulikt % i bruttofortjeneste.  På kurset får du sett opp ditt eige driftsbudsjett, krav til bruttoforteneste, vi lagar til prisvurderingar på produkt.

27-28. februar Villa Åmot, Bygstad.  (dersom det er marknad for det kjem same kurset i Bergen/Voss/Hardanger i mars.)   Mogeleg å overnatte på Villa Åmot.

Påmelding til: aud.slettehaug@sfj.no

 

Kalkylekurs -  kva kostar det eigentleg å produsere produktet pr eining – kalkulere rett pris og prisstrategi. 

Kurset kjem 25-26 april 2018, Bergen.

 

Foredling mjølk, ysting:

  • kurs i ysting føregår på Sogn Jord og Hagebruksskule innføringskurs og modulkurs i ysting. www.sjh.no

Om du har ein grunder i magen, og tenkjer på at det å foredle råvarer frå eigen gard kan vere noko for deg, er det berre å ta kontakt med aud.slettehaug@sfj.no