Tine treng meir mjølkefeitt for å kune tene marknaden, det gjev moglegheiter for ein auka mjølkeproduksjon, men det gjev samstundes utfordringar i å få avsetning for skumma mjølka som vert att.- Når forskrift for kvoteordninga for mjølk var oppe til høyring sist år, så var det mange element som skulle drøftast. Nokon av dei var meir tydelege enn andre.  At det låg føre ei endring som medfører endring i praksis for å kunne ta del i midlertidig produksjonsauke, gjekk nok dessverre Sogn og Fjordane Bondelag ”hus forbi” seier fylkesleiar Per Hilleren..   

- Det liggno  føre eit framlegg til auke i omsetnadsavgifta, og vi finn det difor rimeleg at alle mjølkeprodusentar kan få ta del i den midlertidige produksjonsauken som vert gjort framlegg om.  Det vil vere forståeleg med utgangspunkt i den situasjonen som er i mjølkemarknaden. 

Sogn og Fjordane Bondelag vil be Norges Bondelag om å få endra forskrifta, slik at disponibel kvote kan overstige kvotetaka for kvoteåret 2012/2013.  Føretak vil kunne ta del i midlertidig produksjonsauke gjennom auka disponible kvoter. 

Dersom det skulle vise seg at ein går mot eit meir permanent underskot på mjølk over lenger tid, noko styret i fylkesbondelaget fryktar med utgangspunkt i ei utvikling der det framleis er slik at mange bønder sluttar å produsere mjølk, ber vi om at den samla mjølkepolitikken vert sett på dagsorden.   Ein situasjon der nedgongen i mjølkeproduksjonen held fram vil vere svært alvorleg for distriktsjordbruket, og for målet om eit landbruk i heile landet, seier ein tydeleg fylkesleiar  Det er urovekkande at kvoteoppfyllingsgraden også syner ein fallande tendens.  Årsakene til lågare kvoteoppfyllingsgrad er samansett og kan ikkje berre forklarast i det dårlege fòråret vi hadde i 2011.   Det  er også sterkt urovekkande, at sjølv med dei positive signala som ligg i auka produksjonsmoglegheiter, så er det svært mange som sluttar.  Det er viktig å gjere grep for mjølkeproduksjonen før ein kjem i same situasjonen som for storfekjøt, avsluttar Per Hilleren.