Som tillitsvald veit Nils Magne Gjengedal at det er felles løft og det å stå saman som kan føre fram og påverke matproduksjonen i rett lei. Han er nøgd med at kravet frå jordbruket særleg legg opp til å styrkje økonomien på dei små og mellomstore bruka. -Dette er i tråd med signala som vi har fått frå lokallaga våre, seier Gjengedal.

Gjengedal er leiar av verveutvalet i Sogn og Fjordane Bondelag, og meiner oppslutnaden om organisasjonen er avgjerande for slagkrafta i arbeidet. -Alle bønder bør vere organiserte, seier Gjengedal. Dessutan meiner han at forbrukarar som bryr seg om korleis maten skal verte produsert i framtida, og har ein naturleg plass i Bondelaget.

Vil du verte medlem? Ring Nils Magne på mob. 917 20 950. Eller du kan sende SMS med BONDE <namn><nummer> til 2030.

Nils Magne Gjengedal leier Sogn og Fjordane Bondelag sitt verveutval, og veit at det er samhald og organisering som gjeld for å påverke.