FRAMTIDSRETTA BONDE: Rolf Olav Gjørven.

 

- Vi har 23 mjølkekyr og har ein mjølkekvote på 150 000 liter, i tillegg fôrar vi opp eigne oksar seier Rolf Olav Gjørven.

På Folven i Hjelledalen i Stryn kommune held 28-åringen til. Garden overtok han alt i 2014.  Med seg i den daglege drifta har han både far sin og bror sin. I tillegg driv han med turisme og utleige av hytter.

 

Folvengaard AS

- Folvengaard AS er eit selskap som vart etablert då ideen om betre utnytting av ressursane i landbruket kom opp.

Selskapet eig han saman med bror sin Alf Erik Gjørven, og Dag Hjelle.

- I 2015 leverte vi ein rapport som handla om ressurskartlegging. Vi gjekk gjennom heile landskapet og kva moglegheiter vi såg i det.

Folven fortel at det ikkje var vekstpotensiale med grovfôret, då det som kunne dyrkast alt var i drift. Difor måtte ein tenkje alternativt, og skaffe protein på andre måtar.

- Vi såg det var kort avstand mellom isbre og elv, og det gjer vatnet mykje reinare enn det elles hadde vore. Då kom ideen om mikroalgeproduksjon fram. Det krev mykje straum, men her har vi eit lokalt kraftverk og det gjev oss eit konkurransefortrinn samanlikna med Europa.

 

Ser moglegheitene

- Målet er at mikroalgane kan nyttast til mat og fôr seier Folven.

No er Folvengaard AS med på eit unikt forskingsprosjekt saman med fleire andre aktørar.

- Mikroalgane veks i vatn, lev av CO2 og får energi frå lyset forklarar han.

 CO2 får han ved å nytte kumøkka frå dyra sine.

- Kva potensiale ser du i å kombinere mjølkebruk med algeproduksjon?

- Fordelen til bøndene som ikkje driv så stort er at dei lettare kan finne tillegg til den tradisjonelle gardsdrifta. Håpet er å få ein god butikk ved å nytte andre ressursar på garden også. Rett og slett gjere det meir berekraftig.