Jølster Bondelag: Gamle styret

 

Årsmeldinga syner eit aktivt lokallag, dei har mellom anna hatt HMS-kurs, bondepub og ulike aktivitetar mot skuleklassar. I tillegg har lokallaget gjennomført Landbruksspelet med 10. klasse på Vassenden skule.

Lokallaget er opptekne av vegutbygging av E-39. Dei ynskjer å finne gode og konstruktive løysingar for å kompensere for matjord som vert byggd ned grunna vegprosjektet.

 

Lausdriftskravet

 

Styret har utarbeida eit forslag til utale vedrørande lausdriftskravet. Også i Jølster Bondelag er lausdriftskravet ei sak som engasjerer!  Mange av dei beste prosjekta er allereie realisert. Det må tilretteleggast for at også mindre bruk kan realisere eit lausdriftsfjøs til mjølkekyr. 

Etter valet vart Eva Kristin Årdal og Ole Kristian Kjøsnes takka for innsatsen i styret. Geir Støfring takka også heile styre for initativ og ståpåvilje.

Det nye Styret:
Geir Støfring - Leiar
Merete Helgheim, ikkje på val
Knut Harald Dvergsdal - ikkje på val

Anja Åmot - nytt styremedlem
Henning støylen - nytt styremedlem

1.vara Mindor Årset - attval