Torunn Ommedal Aandstad er attvald som leiar i Hyen Bondelag av ein einstemmig møtelyd. Ho presenterte ei innhaldsrik årsmelding til ein velfylt årsmøtesal. Bøndene i Hyen er engasjerte politisk, opptatt av samfunnsbygging, og vil ha dei unge i bygda med på laget før dei flytter ut på skule. 29 av dei 100 medlemmane i laget møtte på årsmøtet i eit nyoppussa Hyen samfunnshus. Frå fylkesstyret var Gry Ingvild Agjeld (1.vara) med, og snakka om samanslåingsprosessen fram mot Vestland Bondelag og nedskalering av mjølkeproduksjonen.

Samhald i bygdene og å vise omsorg for kvarandre er viktig for bøndene i Hyen. - Vi bestemte oss for å kjøpe blomar til dei som vart ramma av flaum og ras i sommar. Dette var berre ein liten ting, men vi ville vise at vi er her og kan hjelpe, og at vi tenkjer på dykk, sa Torunn når ho presenterte årsmeldinga. Leiaren har møtt både Erna Solberg og Olaug Bollestad i løpet av året. Statsministeren i samband med Aksjon Pels ved Gloppen sjukeheim, og landbruksministeren i ope møte på Gloppen hotell. I tillegg til å delta på faste møter som leiarsamling, regionmøte og fylkesårsmøte, har Hyen Bondelag arrangert og vore medarrangør på motorsagkurs, friluftshelg, tur til Tine Byrkjelo for ungdomsskulen, og fjøsopning på Kleivane. Dette er berre litt av alt som skjer i regi av Hyen Bondelag, og vi ønskjer styret lukke til med eit nytt aktivt bondelagsår.

Biletetekst; Leiar Torunn Ommedal Aanstad omkransa av styret. Frå v. bak: Solfrid Rygg (ny styremedlem), Torunn O. Aanstad, Ottar Hope og Ola Solheim (ny styremedlem). Framme Elin K. AA Hope og Erik Ommedal som begge går ut av styret. Torleiv Straume jr. er styremedlem, men var ikkje tilstade.

Biletetekst 2; Elin Karin AA Hope (sekretær) og Erik Ommedal (kasserar) vart takka for innsatsen i styret, og fekk kvar sin nye flotte silogaffel med inngravert helsing frå Hyen Bondelag.