BONDE: Henriette Sunde.

 

- Heimesituasjonen er annleis no enn då eg gjekk inn i styret. Det er vanskeleg å kombinere det å ha eit lite barn med det å sitte i fylkesstyret.

Det fortel Henriete Sunde. Etter ho vart mor til vesle Olaus vart det ikkje så lett å kombinere morsrolla med tilitsvervet i Bondelaget. Heldigvis har ho mange gode minner frå tida i Sogn og Fjordane Bondelag å sjå tilbake på.

- Det har vore så masse kjekt eg kjem til å sakne. Det kjekkaste har vore å vera ute å møte medlemmene. Regionmøter og årsmøter. Høyre kva medlemmene seier og kva dei er opptekne av.

 

- Ein trist dag

GODE MINNER: Utsendingane til årsmøtet i 2018.

 

- Akkurat no syns eg det er veldig vemodig. Det har vore to kjekke og lærerrike år. Styret er ein fin gjeng å vera i lag med.

For Sunde er det vemodig å gå ut av fylkesstyret, men ho ser ikkje vekk i frå at ho kjem attende ein gong.

- Ja, når heimesituasjonen er annleis tenker eg det kan vera aktuelt å gjere ein jobb for Bondelaget igjen dersom nokon vil ha meg.

 

Framtidsplanane

TAKKA AV: Anders Felde (leiar i Sogn og Fjordane Bondelag) takkar Henriette Sunde for innsatsen. 

 

- No skal eg vera mor og bonde, fortel Sunde.

På garden Strand i Jølster driv Sunde med sau, nokre høner, kaniner og Inn på Tunet. Ho trur ikkje ho kjem til å få det mindre travelt framover.

- Nei, det trur eg ikkje. Då finn eg i så fall på noko meir å gjere ler ho.