AgroNordVest 2016
AgroNordVest vart arrangert 21.oktober i Førde. Samlinga i år var ein temadag der fokuset var på arealressursane og grovfôret vårt.
Jo Helge Sunde og Runar Haugland (TINE/Storfe-og mjølkeprosjektet i Sogn og Fjordane) prata om kva grôvforet ditt eigentleg kosta. Haugland kom også med tips for å redusere grovfôrkostnadane. 1. utnytt avlingspotensialet på jorda du har, ikkje minst den som ligg nær garden. 2. Vedlikehald av jorda og god agronomi. 3. Vurder kjøp av grovfôr når avstanden blir stor (7-10 km). 4. Vurder nøye behov for nyinvesteringar til grovfôrhandtering. 5. sjå klare tidsbesparelsar eller produksjonsauke om ein skal investere i dyr grovfôrmekanisering.
Kva potensiale har me for bruk av beite? Det var tema då Bjørn-Harald Haugsvær, Ass. Landbruksdirektør, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, prata på AgroNordVest.