Omlag 150 mennesker møtte opp på fagdagen som var arrngert av Tine, Nortura, Sogn og Fjordane Bondelag og Felleskjøpet.

 

Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, opna AgroNordVest 2016.

 

Christian Rekkedal (Landbruksdirektør, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane) orienterte om status for jordbruksareal i drift i fylket vårt. Han tok mellom anna opp utfordringar for arealbruk og matproduksjon, for eksempel klima. For klima blir våtare, varmare og villare, korleis skal jordbruket handsame klimaendringane utan å redusere produksjonen?

 

Det var mykje spennande på programmet. Nils Vagstad frå NIBIO (Norsk Institutt for Bioøkonomi) prata om kvifor ein skal produsere mat i Sogn og Fjordane. Han sa tilgang på mat er eit fundament i alle sitt liv og i alle samfunnsstrukturer. Matsikkerhet berører alle og har globale implikasjonar. Han sa at det er mange grunnar til å produsere mat i Sogn og Fjordane. Fylket vårt har ressursane, har kompetanse, me får levande bygder og kulturlandskap på kjøpet, matproduksjonen i Sogn og Fjordane bidreg med sysselsetting, verdiskaping og langsiktig norsk matsikkerhet.

 

Liv Østrem frå NIBIO (Norsk Institutt for Bioøkonomi) prata om val av grasartar i Sogn og Fjordane, ved ein lengre og våtare vekstsesong.

 

Korleis ta vare på grôvforet du har hausta? Me høyte på Ingrid Strømstad, Felleskjøpet.

 

Jo Helge Sunde og Runar Haugland (TINE/Storfe-og mjølkeprosjektet i Sogn og Fjordane) prata om kva grôvforet ditt eigentleg kosta. Haugland kom også med tips for å redusere grovfôrkostnadane. 1. utnytt avlingspotensialet på jorda du har, ikkje minst den som ligg nær garden. 2. Vedlikehald av jorda og god agronomi. 3. Vurder kjøp av grovfôr når avstanden blir stor (7-10 km). 4. Vurder nøye behov for nyinvesteringar til grovfôrhandtering. 5. sjå klare tidsbesparelsar eller produksjonsauke om ein skal investere i dyr grovfôrmekanisering.

 

Kva potensiale har me for bruk av beite? Det var tema då Bjørn-Harald Haugsvær, Ass. Landbruksdirektør, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, prata på AgroNordVest.

Kva potensiale har me for bruk av beite? Det var tema då Bjørn-Harald Haugsvær, Ass. Landbruksdirektør, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, prata på AgroNordVest.