- Me har 15 studieplassar. For å søke må ein vera over 25 år og ha kompetanse på Vg1 naturbruksnivå eller tilsvarande, seier kursansvarleg Knut Vebjørnsen. 

Han håpar på mange søkjarar, og fortel om gode tilbakemeldingane frå dei som har tatt utdaninga. Mange av dei er i dag aktive bønder.

- Studentane ligg i snitt godt over normaleleven i vidaregåande skule. Det er motiverte folk. Dei er ofte bønder, eller folk som vurderer å bli bønder. Snittalderen på studentane er 33 år, og det er omlag like mange menn og kvinner som søker. 

 

Mange kjem frå andre yrke

 

Skulen har hatt tilbod om landbruksutdanning for dei som er litt eldre enn typisk skulealder i fleire år.

- Det å kome i lag på samling og diskutere fag er alfa omega for mange, påpeiker Vebjørnsen. 

Utdanninga omfattar VG2 landbruk og gartnarnæring, og VG3 landbruk. Det gir yrkestittel agronom med vitnemål.

Ifølgje kursleiaren er typiske søkjarar ofte folk som er i ferd med å overta gardsdrifta. Dei kan ha ulik bakgrunn.

- Når snittalderen blant dei som tek over gardar her til lands er 42 år, må jo alle gjort noko før den tid. Så folk har ulike yrker, advokatar, snekkarar, legar og alt mogeleg, seier Vebjørnsen.

 

Praktiske samlingar

Måten utdanninga er lagt opp, gjer at ein kan ta den på sida av anna arbeid. Kurset er i hovudsak nettbasert, med samling på skulen i Førde éin gong i månaden. 

Samlingane som går frå fredag til laurdag er ikkje obligatoriske, men:

- Det er stor fordel å vera med. Innleveringane ein gjer heime heng saman med tema på samlingane, som både inneheld teori og praksis. Det er praktisk undervisning i både jordbruk, skogbruk og husdyrbruk og teknikk. Om lag 40 prosent av samlingane er praktiske. 

 

Søknadsfristen

Agronomutdanninga har søknadsfrist 1.april, og søknaden kan sendast direkte til skulen. Søkjarane frå Sogn og Fjordane blir prioriterte, men også studentar frå andre fylke kan søkje utdanninga som er gratis. 

 

Meir informasjon om agronomutdanninga for vaksne finn du her.