Det var på Anestølen i Sogndalsdalen at Margrethe Munthe skreiv songen som mange av oss kan frå barndommen. Og det er ikkje rart, for på Anestølen er det verkeleg mange geiter. Cirka 500 geiter tilbring sommaren på stølen som ligg ca 20 minutt frå Sogndal sentrum.

Totalt er det 5 fjøs på Anestølen, og 4 av dei har vore i bruk i sommar. Den eine tilhøyre Nina og Jan Ove Selseng.

Fram til 2015 vart det drive med turisme i tillegg til vanleg stølsdrift på Anestølen. Då var det open besøksgard med sal av stølsmat og lokalprodusert geitost. No er det kun vanleg stølsdrift på Anestølen, men Nina Selseng driv sitt eige gardsysteri på Selseng der ho kokar brun geitost etter oldemora på garden si oppskrift. I tillegg lagar ho salatost som er ein kvit geitost marinert i olje og krydder på glas. Perfekt å maule eller å ha i salatar.

Selseng Gardsysteri

Nina Selseng viser fram ysteriet. Her er det brunost som står på kok.

Nina held tradisjonane i gong, og fyrer med ved.

 

Treformene som brunosten skal opp i.

I tillegg til brunost lagar Nina salatost. Den blir delt opp i terningar og lagt på glas med olje og krydder.