Nyhende frå Sogn og Fjordane Bondelag

Ekstremver i Jølster og Gloppen

Tysdag ettermiddag var det brått slutt på godvêrsperioden for delar av Jølster og Gloppen kommune. Ekstreme, lokale nedbørsmengder på kort tid førte til fleire ras og elvar som fann nye løp ned fjellsidene. Onsdag føremiddag er framleis fleire vegar stengde, bygder isolerte og mange sit utan straum og dekning slik at dei ikkje får kontakt med familie og vener.

Kortreist festivalmat

Utan mat og drikke, dug festival-helten ikkje. Bente Giæver Nordanger og Bjarte Nordanger i Sande Gardsmat sytte for at festivaldeltakarane kunne kose seg med kortreist, smaksrik burger på Utkant-festivalen i helga.

Tilsyn med sau på beite

Sommartid er fjellbeitetid, og dermed òg tid for å gå tilsynsrundar til fjells. Vi har vore på tur i fjella mellom Lavik og Lavikdalen i Ytre Sogn for å sjå til sauene der, sjå bileta her.

Moreller frå Lærdal

Onsdag 10.juli reiste vi til Lærdal på besøk til styremedlem Kari Sigrun Lysne.

Har du starta treninga til hjortejakta?

Det er for mykje hjort i Sogn og Fjordane. For å betre avskytinga og redusere hjortestammen trengst det mellom anna dyktige jegerar. Så om du ikkje har teke turen på skytebana dette året, er det på tide å prioritere trening der fram til jaktstart den 1. september.

Festival-Noreg treng bonden!

For 10. året på rad står Eid Bondelag for rigging av scena til Malakoff Rockefestival som går av stabelen no i helga.

Vindkraft - konsesjonsvedtak og lokal påverknad

Kva rolle og grad av påverknad har ein vertskommune når det gjeld etablering av vindkraft?

Nytt Agricard kreditt- og fordelskort.

Agricard får ny kortleverandør, sjå her for praktisk informasjon.

Våre samarbeidspartnere