Nyhende frå Sogn og Fjordane Bondelag

Maskinførarkurs på Sandane

Det vert maskinførarkurs 28. -31. mars. Stad: Gloppen Hotell, Sandane. Kurset er eit 32-timars teorikurs og grunntrening retta mot alle som skal køyre gravemaskin eller andre masseflyttingsmaskiner.

Alvor over årsmøtet i Fjordane Pelsdyralslag

- Det er naturlegvis ikkje den store stemninga for tida. Medlemene er naturlegvis prega av alvoret. Det er ikkje kjekt å å vere i ein situasjon der næringa ein liker og lever av skal bli forboda, seier Nils Magne Gjengedal som representerte Sogn og Fjordane Bondelag i årsmøtet til Fjordane Pelsdyralslag.

Tilskot til nedfelling eller nedlegging av husdyrgjødsel

Tilskot til nedfelling eller nedlegging av husdyrgjødsel

Frå og med 2019 vert det tilskot til spreiing av husdyrgjødsel med nedfelling eller nedlegging i Vestland. Tilskotet er ein del av regionale miljøtilskot, skriv fylkesmannen på sine nettsider.

Ny flott sauefjøs i Årdal

Ny flott sauefjøs

Onsdag 13. februar hadde Per Bjørkum og Siri Benjaminsen høgtideleg opning av den flotte sauefjøsen sin.

Arne Einar Reed tek eit nytt år som leiar i Norsvin Sogn og Fjordane

- Vi er ikkje så mange svineprodusentar i fylket, men vi er viktige og sikrar mellom anna jamn tilførsel til slakteria , seier Reed som tok attval for eit nytt år på årsmøtet til Norsvin Sogn og Fjordane tidlegare i februar.

Anders Felde innstilt som leiar i Sogn og Fjordane Bondelag

- Eg har sagt ja, til å ta eitt år til som fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag og er svært glad for at valnemnda innstiller meg til jobben, seier ein engasjert fylkesleiar.

Forskrift for regionale Miljøtilskot i jordbruket i Vestland er ute på høyring

Fylkesmannen i Vestland har utarbeidd eit forslag til ny forskrift for dei regionale miljøtilskota, òg kalla RMP-tilskot. Forskrifta er no på høyring og fristen for tilbakemeldingar er 1. april 2019.

Jordbruksoppgjeret 2019 - ei sosial hending

- Da vart ein miks med landbrukspolitikk, pizza, prat og noko godt i glaset seier leiar i Høyanger Bondelag Inge Brekke om medlemsmøtet som lokallaget inviterte til sist fredag.

Våre samarbeidspartnere