Nyhende frå Sogn og Fjordane Bondelag

Leiarmøtet skal vere ein arbeidsverkstad

- Dette skal vere ein arbeidsverkstad, der det skal vere høgt under taket, sa dei to fylkesleiarane Kjetil Mehl og Anders Felde då dei opna det felles leiarmøtet til Hordaland og Sogn og Fjordane i Førde.

Leiarmøte 2018 har starta

Leiarmøte 2018 har starta

Hordaland Bondelag og Sogn og Fjordane Bondelag har felles leiarmøte i Førde, sjå bilder frå møtet her.

Leiarskifte i Høyanger Bondelag

Inge Brekke

- Da er viktig at kvardagsbondelaget er oppegåande, meiner nyvald leiar i Høyanger Bondelag Inge Brekke

Leiar i Norges Bondelag kjem til leiarmøtet

Lars Petter Bartnes, leder i Norges Bondelag på årsmøte 2018

- Det er kjekt at både leiar Lars Petter Bartnes og påtroppande fungerande Generalsekretær Sigrid Hjørnegård tek turen til leiarmøtet i Førde komande torsdag og fredag, seier fylkesleiar Anders Felde. Leiarmøtet vert skipa til saman med Hordaland Bondelag.

3 årsmøte i ein fei mellom to tunnellar som skulle stengast

- Da måtte gå unna i ein fei då Luster, Hafslo og Indre Hafslo hadde sine årsmøte i Gaupne på same kvelden, seier fylkeslaget sin representant Ole- Bjarne Hovland. Dei tre leiarane Claus R. Moe (biletet), Olav Ugulen og Andreas Wiese held fram.

På skulebenken

På skulebenken

Me har besøkt Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland.

Stabilitet i Oppstryn Bondelag

- Vi prøver å halde på ein stabil aktivitet med eit stabilt styre, smiler attvald leiar i Oppstryn Bondelag Mathilde Dolen Nesje

Brekke og Eidsbotn Bondelag ynskjer å slå seg saman

- Dette er ei sak vi har drøfta ved fleire høve, og no er både vi i Eidsbotn og medlemene i Brekke Bondelag samde om at vi ynskjer å slå oss saman, seier leiar i Eidsbotn Bondelag Erling Nesse

Våre samarbeidspartnere