Nyhende frå Sogn og Fjordane Bondelag

Luke 1

No kan du opne første luka i julekalenderen vår.

No kan du opne første luka i julekalenderen vår.

Årdal Bondelag held fram som eige lokallag

- Da er kjekt å ha årsmøte samstundes som Lærdal Bondelag, slik at vi kan ha felles fagdel, men vi held fram som eige lag også i 2019 seier Ole Bjarne Hovland som er leiar i Årdal Bondelag.

Imponerande oppmøte på årsmøtet i Veitastrond Bondelag

- Eg er godt nøgd med at 23 av medlemene i Veitastrond Bondelag deltok på årsmøtet. Det vitnar om engasjement, seier leiar Jimmy Hilleren som held fram i leiarstolen etter årsmøtet.

Me har laga julekalender

Me har laga julekalender

Tradisjonen tru har Sogn og Fjordane Bondelag laga julekalender i år også. Her får du eit lite glimt av det du har i vente frå 1. - 24. desember.

Open Gard fungerer godt i Flora

- Vi har eit godt samarbeid med dei to andre laga i Flora. Ved å skifte på å ta ansvaret for Open Gard klarar vi å gjennomføre tilskipinga kvart år i kommunen vår, seier leiar i Flora Bondelag Leidulv B. Stavø

Opptekne av kva tenester "nye Sogndal kommune" kan yte til landbruksnæringa

- Vi er spent på kva plass landbruket vil få i den nye Sogndal kommune. Landbruket er ei viktig næring, og det vil vere avgjerande at kommunen har både tilsette og politikarar med god kunnskap om landbruket, seier leiar i Sogndal Bondelag Jostein Flatland

Utfordringar med å finne nytt styre i Selje- og Stadtlandet Bondelag

Leiar i Selje- og Stadtlandet Bondelag, Salvatore Ligia ynskjer avløysing, men det hadde ikkje lukkast valnemnda å finne ny leiar til årsmøtet.

Dyra sin "advokat"

- Det er viktig å ha respekt for rollene våre, sa Regiondirektør i Mattilsynet, Ole Fjetland då han innleia på leiarmøtet til Bondelaga i Hordaland og Sogn og Fjordane i dag

Våre samarbeidspartnere