I alt skal om lag 150 åttande-klassingar frå Førde Ungdomsskule ut på gardsbesøk i Førde denne veka. Målet er å gje grunnskuleelevar kunnskap og erfaringar om gardsdrift og matproduksjon, og inspirere til vidare utdanning i naturbruksfaget.

På timeplanen i dag stod det husdyr, jord/hage, utmark og hest. Elevane var inndelte i grupper, og i løpet av dagen var dei innom alle aktivitetane. Entusiasmen og iveren var stor blant ungdomane. Kvar gruppe hadde med seg ein elev frå Mo som guida dei rundt til dei ulike aktivitetane og som kunne fortelje meir om kva dei gjer på skulen og på garden. I fjøset fekk elevane sjå mjølkeroboten i aksjon. -"Kan vi få prøve å mjølke med hand og", spurde ein interessert gut. -"Det rekk vi ikkje no, men du skal få prøve når du kjem att som elev her", smilte faglærar Jostein Midtbø.

Tusenvis av kålplanter skal snart frå drivhuset og ut i jorda. Nils Jørgen Helgheim forklarar om produksjonen.

 

På aktiviteten "Utmark" kunne elevane vere med ut å dra garn, og reinske garnet for fisk. Dei fekk og høyre om ungdomsbedrifta "Mo foredling UB", som har laga fiskekaker med fisk frå Movatnet som råstoff, og vunne pris for "beste produkt" under fylkesmesse.