- Eg hadde ei felles innleiing for medlemene i alle dei tre laga, sidan åt vi god mat.  På menyen stod biffbuffet. Så fekk alle det brått travelt for med tunnellarbeid og stengde vegar over lenger tid måtte alt klaffe slik at ein ikkje vart ståandes i timesvis.   - Slik er kvardagsbondelaget ein heilt vanleg kveld i ei heilt vanleg bygd i Sogn, smiler Hovland.

Aktiviteten i dei tre laga i Luster kunne gjerne vore betre på jamna,  men da er dyktige og arbeidssame bønder i Luster som har meir enn nok å henge fingrane i.  På Hafslo har dei hatt skuleprosjekt.  Mellom deira medlemer finn ein også årets avløysar, Steinar Kalhagen og årets unge bonde finalist Olav Einan.  I Luster har dei også fått svært mykje å stri med etter flaumen i oktober.  Der har lokallaget ved leiar, Andreas Wiese, gjort eit kjempearbeid med å kommunisere ut hendinga til oss alle saman.   Etterrakst etter flaumen vil også ta mykje tid framover.

Sommaren 2019 skal det skipast til fylkesleir i 4H, så då vert da litt å styre med på Hafslo.  I Luster satsar ein på bondekafe, og oppfølgjing av problemstillingar som dukkar opp som følgje av flaumen.

 

 

Tre av medlemene i styret i Luster Bondelag

Til venstre er leiar i Hafslo Bondelag Olav Ugulen.  Dei måtte nå opningstida til tunnellen så det vart mesta so dei gjennomførte årsmøtet ståande.