I dette la fylkesleiaren tankar på kva politisk retning og med kva politisk styring vi sit att med ettr valet i september.  For oss i Bondelaget vil det viktigaste vere å analysere dei ulike partia sin program og syne konsekvensane for veljarane.  Vi er politisk nøytrale, men vi er ikkje nøytrale i høve den landbrukspolitikken som vert ført, og den landbrukspolitikken som ulike parti seier dei vil føre.  Vi har alle eit viktig arbeid framover med å spreie kunnskap om konsekvensane av innhaldet i dei ulike partia sine program, poengterte ein tydeleg Hilleren.   Kunnskapsbygging og ærlegdom må vere viktig i dei spanande månadene fram til valet.

Bondelaget skal vera tydleg.  - Me skal utfordra, setja dagsorden, og frå samfunnet vil me ha respekt og forståing for matvareproduksjon som eit politikkområde med svært stor viktigheit for landet.  Me har utfordra dei blå partia på deira politikk og konsekvensane av den, og vi vil halda fram med å utfordre og drøfte landbrukspolitikk i opne forum.  Fylkeslaget har stort trykk på det politiske arbeidet.  Det har vore brukt mykje tid mot det politisk miljø for å byggje kunnskap om landbruket i vårt fylke.  Eg har ei sterk tru på at dialog og kunnskap er viktig.  Skal me forventa forståing for vårt syn i spørsmål og saker er det naudsynt at me brukar tid på å byggja kunnskap drøfta spørsmål med politikarar og næringslivet i fylket.

 Her kan du lese heile tala