Mette Fleten, prosjektleiar i NLR, orienterte om mentorordninga.

 

- I år er det 18 par med i mentorordninga i Vestland, fortel Mette Fleten.

Mentorordninga er ei ordning der ein inngår ein formell avtale med ein kollega, om å bistå som diskusjonspartner i drifta. Mentoren må vera ein erfaren produsent innan tradisjonelt landbruk, eller andre landbruksbaserte næringar. Produsenten som får mentorhjelp må vera ny produsent eller ein som skal gjere store endringar i drifta.

- Dette er ei god ordning fordi ordninga gjer at dei som er nye i landbruket blir godt ivaretatt, og lukkast med dei satsar på. Dette med nettverksbyggning er også viktig, sånn at dei vert i næringa dei skal satse på og kjem inn i eit miljø.

 

Vellukka dag

ØVING: Her har deltakarane ei øving i kommunikasjon.

 

Deltakarane har gjennom dagen fått orientering om mentorprosjektet, lært om offentleg forvaltning av landbruket og kva Innovasjon Norge kan tilby nye bønder.

Dei har fått presentasjon av god kommuniksjon, og mot slutten av dagen fekk deltakarane signere ein avtale. Avtalen vart signert av regionkontakt i NLR, mentor og den nye bonden.

Gjennom året skal mentor og den nye bonden ha fem møter.

- Målet med møta er å oppnå den målsettinga som er avtalt partane mellom seier Feten.

 

Les gjerne meir om mentorordninga her.