LEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anders Felde. 

 

-7 prosent av mjølkevolumet vert overflødig seier Anders Felde.

Leiaren i Sogn og Fjordane Bondelag fortel at Norges Bondelag og Norsk Bonde-og småbrukarlag har innleia prosessen med staten om korleis ein skal ta ned norsk mjølkeproduksjon når eksportstøtta fell bort.

-Målet vårt er å finne ei løysing som tek vare på mjølkeproduksjonen over heile landet.

 

Naudsynt med statleg medfinansiering

-Kostnaden av nedskaleringa er for stor til at bonden kan ta den åleine. Inntektene til norske mjølkebønder går ned med over ein halv milliard kroner i året, og skapar sjølvsagt stor usikkerheit i næringa. Det er difor avgjerande at Regjeringa også bidreg med pengar som gjer at ikkje mjølkebøndene må finansiere heile nedskaleringa sjølve.

Han forklarar at situasjonen kjem som fylgje av eit politisk vedtak, og meiner difor at det er rimeleg med statleg medfinansiering.

-Vi i Bondelaget er særs tydelege på at politikarane må kompensere mjølkebøndene for inntektstapet redusert mjølkevolum utgjer.

 

Høg verdiskaping på mjølk i Sogn og Fjordane

-I vårt fylke er verdiskapinga på mjølk 60% . Korleis nedskaleringa av mjølkeproduksjonen blir er derfor avgjerande for heile landbruket i fylket.

Felde fortel at som ein del av prosessen er det sett inn ei teknisk arbeidsgruppe av partane, som har jobba fram eit fagleg grunnlag. Rapporten er grunnlag for jordbruket sin felles posisjon.

- Prosessen vidare vil avgjere endeleg resultat og innretning på løysinga. Fristen for prosessen er sett til 1.oktober, avsluttar han.