Entusiastar i regionen ønsker å sjå om det er muleg å få til eit Bondens marked i Rogaland. Tirsdag 29. august blir det informasjonsmøte for produsentar av mat og drikke som kan vera aktuelt å selja på ein slikt marknad.

 

Må ha interesserte bønder

Møtet skal vera i Fermenten (gamle Mathallen) i Ryfylkegata i Stavanger og Rogaland bondelag er medarrangør.

- Skal me få til dette må  me i fyrste omgang ha eit godt knippe med bønder som har produkt dei har lyst til å selja på denne måten, seier leiar av Rogaland bondelag, Marit Epletveit.

Ho trur det er marknad i regionen for eit slikt tilbod som Bondens marked er.

 

Mat direkte frå produsentane

Det blir i dag arrangert Bondens marked mange stader i landet. Konseptet vart etablert i Noreg i 2003, etter modell frå det internasjonale konseptet Farmers Market. «Bondens marked» er eit  beskytta merke, eigd og kontrollert av Stiftelsen Bondens marked Norge.

På Bondens marked kan du få kjøpt mat direkte frå produsenten. Produkta varierer gjennom sesongen og også frå marknad til marknad.

Stiftarane bak Bondens marked Norge er Norsk Landbrukssamvirke, Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Hanen og Oikos – Økologisk Norge.

 

- Vil vera med på å leggja til rette

- Det blir opp til dei interesserte kor ivrige dei er. Dette er ikkje noko me tvinger på nokon, men me vil vera med på å leggja til rette viss det er interesse for det, seier Epletveit vidare.

Vil du vera med for å sjå om dette kan vera noko for deg og dine produkt? Interesserte må melda seg på innan 22. august.

Påmeldinga må sendast til randi@bondensmarked.no