Bønder og grunneigar vil gå inn i helga enten med ein lettelsesrus eller nederlagets depresjon, avhengig av korleis dei har sjølve vorte råka. Vegvesenet presterte dessverre å velja den traseen som råkar flest av oss. Traseen R2 var, av dei tri vala, den som byggjer ned mest jordbruksareal.

- Eg er skuffa over valet av trasé, og håper no at Statens Vegvesen og Nye Veger samarbeider godt med lokale grunneigarar og bønder om å få ein så skånsam løysing som mogleg, seier Marit Epletveit, fylkesleiar i Rogaland Bondelag.

Corona-epidemien har mint oss på kor sårbar samfunnet kan vere. Me står no i ein brytningstid, der dei trygge, internasjonale handelsforbindelsane me har ikkje lenger er noko me kan ta for gitt. Det er ikkje bere pandemi og stormaktskonflikt som truger, men klimaendringane som vil særleg påverke korleis me produserer og korleis me handlar med mat. Konsekvensane er store og uoversiktlege, men det einaste me veit sikkert er at dei største og mest uoversiktlege konsekvensane er det som råker oss over grensene. Som internasjonal matmangel, flyktningbølgar og krig over ressursar. I disse dagar ligg klimatilpasningsplanar ute på høyring i landet. Planane skal gjere landet meir førebudd på krise og slitesterk for endringane som kjem. I Rogaland Fylkeskommunes forslag til klimatilpasningsplan står det rett ut at det er viktig å sikre eigen matforsyning og matproduserande areal. Matproduksjon er ikkje berre i Rogalands interesse, det er ein nasjonal interesse. Då er det ikkje imponerande når våre eigne statlege aktørar bygger ned vår evne til matproduksjon.