Sommaren går mot slutten og mange har hatt ein annleis ferie enn først tenkt. Eg håper mange har nytt godt av ferie i Norge og satt pris på landskapet du har passer på din veg. Kanskje har du og sett nokre av dei mange «kom hit»-rammene satt opp av bondelaget.

Kulturlandskapet er skapt av oss fordi me har trengt mat. Dyrka opp og laga beiter for at me skal kunne brødfø oss. Viktigheita av dette har vi kjent på kroppen i vår når Covid-19 banka på døra. Plutseleg var verda og livet for mange snudd heilt på hovudet. Eg som bonde kunne med stoltheit sende mi mjølk med mjølkebilen og var ein del av det samfunnskritiske apparatet. Eg og mine yrkesfeller var med på å halde hjula i gang og skaffe mat til folket.

Me håper alle at det blir lenge til neste gang landet må gjennom så dramatiske tiltak som dei me har vore med på i 2020. Men likevel, eg ber deg reflekterte over dette: Kva om det skjer igjen? Kva kan me som privatpersonar gjer og kva kan vi som samfunn gjer?

I mars og april var det ikkje medisinsk utstyr til å bekjempe Covid-19, som resulterte i at land konfiskere utstyr som vart lova til naboen for å sikre eigen befolkning. Gjerne på tvers av med veletablerte samarbeid og handelsavtalar. Norsk handsprit vart blant anna konfiskert av Polens myndigheiter for å sikre Polens eigen befolkning. Når krisa truger står ikkje gamle løfter trygt. Kva trur me skjer viss det vert matmangel i land me importerer mat i frå?

For å være trygg på at me har nok mat må me og sikra vår eigen produksjon av mat. Då KAN ME IKKJE bygge ned meir av matjorda vår. Det tek så lang tid å danne ny matjord at me kan ikkje sjå på matjorda som ein fornybar ressurs å sløse med – det me har no er det me vil ha i framtida. Mengda matjord har vorte redusert i lang tid som følgje av nedbygging av areal.  Frå no av må me tenke oss godt om og akseptere at det vil koste meir å bygge på fjell, på skrinn skog og i tunnel når me vil ha ny veg, jernbane eller datasentre. Matjord må handterast med varsemd og vi må sikre oss best mogleg løysningar. Her er det viktig at utbyggar er tidleg i dialog med påverka parter og involvere dei i prosessane, samt har viset stor respekt for arbeid nedlagt i generasjonar.

Som privatperson ber eg deg ikkje gløyme at me skal vere der når dykk treng oss og det me produsera. Sett pris på det, vel norsk når du går i butikk og støtt opp om norskproduserte produkt.

Marit Epletveit, styreleiar Rogaland Bondelag