Alle lokallaga i Nord Rogaland var godt og engasjert representert. I tillegg møtte fleire lokalpolitikerar, leiiga frå våre to slakterier og representant frå transportnæringa. Til saman var 40 personar samla, først til ein liten runde i fjosen, før me hadde mat og innlegg på fjosloftet hjå Kari Synnøve og Jan Idar Haugen i Skjold.

 

Jan Idar Haugen ønskte dei frammøtte velkommen til gards, og hadde eit innlegg der verdiskaping og trygg mat var det sentrale temaet. Deretter var det innlegg ved Leif Malvin Knutsen frå Fatland og Britt Randi Stokkevåg frå Nortura Sandeid. Råvaretilgang, kvalitetsmat, tollvern, verdiskaping, samfunnsnytte og samferdsel var tema i innlegga deira. Uten bønder, ingen næringsmiddelindustri!

 

I tillegg til vertsskapet hadde lokallagsleiar og multibonde Johannes Vestbø i Sandeid innlegg om drifta på sin gard. Han og kona Marianne driv med fire middels store produksjonar på den sentrumsnære garden sin i Sandeid.  

 

Andreas Lundegård, for anledningen tittelert som "administrerende i Lundegårdgruppen" hadde eit innlegg om sine valg i forhold til gardsdrift i tillegg til full jobb ved Tveit rekneskap. Han forsvarte på ein god måte deltidsbonden si rolle i den totale verdiskapinga. På denne måten fekk med presentert produksjonen på tre aktive gardsbruk, der ein har gjort ulike stragegiske val for å møta framtida.

 

Kvelden vart avslutta med debatt mellom partia, der dei vart utfordra på distriktsjordbruk, stordrift kontra smådrift, kjedemakt, utdanning, jordvern, inntekstutvikling m.m. Debatten va trygt leia av Roy Erik Hettland frå Bjoa bondelag.