Merk og at kurset på Bryne vert no haldt på Storstova, like ved rådhuset i staden for Bryne Kro og Hotell. Me har flytta kursa til kinosalar for å ha god plass og vere sikre på at smittevernet er på topp og me kan halde eitt trygt kurs.

For dei som er påmelde og ikkje har anledning til å vere med i mars, send gjerne ein melding til meg så tek eg dykk av lista. Det vert fleire fylkeslag som har tilsvarande kurs digitalt som det kan vere aktuelt å vere med på i staden. Me i Rogaland har valt å ha fysisk kurs då me meiner det er mykje enklare å henge med når me er samla fysisk heller enn over ein pc-skjerm.

Ta kontakt med Are Hauge Braaten på kontoret til Rogaland Bondelag for spørsmål, are.h.braaten@bondelaget.no.