Rogaland er eit av fylka som har venta på svar frå departementet om den varsla forskrifta. Skuffelsen var difor stor når ein i går endeleg fekk den endelege forskrifta. «Dette er ufatteleg trist», seier Marit Epletveit, styreleiar i Rogaland Bondelag. «Det burde vore sjølvsagt at ein la til grunn ekspropriasjons -rettslege prinsipp». 

Forskrifta gjer at uretten mot pelsdyrbøndene vert ståande. Det auka erstatningsbeløpet per mink betyr framleis ikkje full erstatning for alle dei bøndene som mister livsgrunnlaget sitt. Forskrifta er heller ikkje i tråd med lovnaden om urimelege avslag i utmålinga av kompensasjonen, slik fleirtalet på Stortinget gav beskjed om i fjor. Dette er ei forskrift som det er vanskeleg å sjå som ei forsvarleg løysning på eit problem som regjeringa sjølv har skapt. 

- Kva vil resultatet verte av denne forskrifta?

« Mange vil verte ståande igjen med stor økonomisk usikkerheit og begrensa moglegheiter i framtida.»

- Kva trur du ver den videre utviklinga i saka?

«Eg trur ikkje dette er ferdig og forventar at Stortinget følgjer denne saka i tett, i tråd med tidlegare uttalelsar».