Om lag 50 engasjerte menneske møtte opp på Hognestad Klubbhus då Time Bondelag og Tine produsentlag inviterte til Bondecafè.

Tema for møtet, i tillegg til drøs og sosialt samkvem, var det mykje omtalte kuttet i melkeproduksjonen som kjem frå 2020. Innleiarar frå Tine, Klepp Rekneskapslag og Jæren Sparebank fyrte godt i frå seg, og utfordra både seg eigne bedrifter og  tilhøyrarane til å tenkja nytt og tilpassa seg ein ny kvardag. Det var eit imponerande engasjement og arrangement, som utan tvil bør inspirera andre lokallag til å laga tilsvarande samlingar.