Tine for Time

Om lag 50 engasjerte menneske møtte opp på Hognestad Klubbhus då Time Bondelag og Tine produsentlag inviterte til Bondecafè.
Om lag 50 engasjerte menneske møtte opp på Hognestad Klubbhus då Time Bondelag og Tine produsentlag inviterte til Bondecafè.
Tema for møtet, i tillegg til drøs og sosialt samkvem, var det mykje omtalte kuttet i melkeproduksjonen som kjem frå 2020. Innleiarar frå Tine, Klepp Rekneskapslag og Jæren Sparebank fyrte godt i frå seg, og utfordra både seg eigne bedrifter og tilhøyrarane til å tenkja nytt og tilpassa seg ein ny kvardag. Det var eit imponerande engasjement og arrangement, som utan tvil bør inspirera andre lokallag til å laga tilsvarande samlingar.