Etter brotet  i forhandlingane har det vore ein fantastisk trøkk i dykk alle, og det har gitt gode og kraftfulle aksjonar. Det er ingen tvil om at våre synspunkt har vore høyrd klart og tydeleg i heile landet. No står att den lengre kampen om inntekta i jordbruket. Først skal Stortinget handsame statens tilbod, og så vert det forhåpentlegvis ein gjennomgang av berekningsmodellane. Det ligg jo inne i statens tilbod. Etter at oppgjerets time er kome kjem det Stortingsval. Me akter å gjere det me kan for å få landbrukspolitikken på agendaen også i haust.

Det har vore mange og gode aksjonar i heile fylket og heile landet. Takk til dykk alle! Me har ikkje bilete frå alt og alle, men noko kan me jo få delt. Takk for alle som har stilt i traktor, med plakathenging, kreative idear til aksjonar, arbeid på sosiale media, vore med på å gje oss ein god trøkk og god stemning når me samlast!  

Her er nokon bilete, men merk at me har berre bilete av brøkdelen av det som har hendt den siste veka.

Sola, Rennesøy og Stavanger Bondelag - Traktor forbi Statens Hus

Sola, Rennesøy og Stavanger Bondelag på Stavanger torg

Rennesøy Bondelag på Mosterøy

Bondefri lunsj med Strand Bondelag

Sandnes - tomme draktar

Klepp, med ordførar og kommunedirektør

Suldal

Lund - hjelp!

Imsland - pressa frå alle sider

Hjelmeland - rundballeaksjon

Klepp - rundballeaksjon

Bore - Olaug can you hear me

Eigersund - rundkøyringa

Helleland - bondefri frukost

Aksdal

Aksdal barn