Takk til alle aksjonistar og bondevenner!

Tusen takk til alle som deltok på aksjonane i Rogaland, og til dykk som har vore med å heie oss frem frå veg- og Facebooksidar. Her er nokon bilete.
Etter brotet i forhandlingane har det vore ein fantastisk trøkk i dykk alle, og det har gitt gode og kraftfulle aksjonar. Det er ingen tvil om at våre synspunkt har vore høyrd klart og tydeleg i heile landet. No står att den lengre kampen om inntekta i jordbruket. Først skal Stortinget handsame statens tilbod, og så vert det forhåpentlegvis ein gjennomgang av berekningsmodellane. Det ligg jo inne i statens tilbod. Etter at oppgjerets time er kome kjem det Stortingsval. Me akter å gjere det me kan for å få landbrukspolitikken på agendaen også i haust.
Det har vore mange og gode aksjonar i heile fylket og heile landet. Takk til dykk alle! Me har ikkje bilete frå alt og alle, men noko kan me jo få delt. Takk for alle som har stilt i traktor, med plakathenging, kreative idear til aksjonar, arbeid på sosiale media, vore med på å gje oss ein god trøkk og god stemning når me samlast!
Her er nokon bilete, men merk at me har berre bilete av brøkdelen av det som har hendt den siste veka.
Sola, Rennesøy og Stavanger Bondelag - Traktor forbi Statens Hus
Sola, Rennesøy og Stavanger Bondelag på Stavanger torg
Rennesøy Bondelag på Mosterøy
Bondefri lunsj med Strand Bondelag
Sandnes - tomme draktar
Klepp, med ordførar og kommunedirektør
Suldal
Lund - hjelp!
Imsland - pressa frå alle sider
Hjelmeland - rundballeaksjon
Klepp - rundballeaksjon
Bore - Olaug can you hear me
Eigersund - rundkøyringa
Helleland - bondefri frukost
Aksdal
Aksdal barn