Verdens melkedag
Initiert av FN i 2001 for å setja fokus på mjølk og meieriprodukt og kva betydning desse har for den globale folkehelsa.

Torsdag 1. juni er det "Verdens melkedag". Det var FN som tok initiativ til denne dagen i 2001 for å setja fokus på mjølk og meieriprodukt og feira betydninga mjølkeprodukt har på den globale folkehelsa.

I år blir dagen markert på sosiale medier med den globale kampanjen, «Raise a glass». Målet er å setja mjølka på agendaen verda over. Vil du vera med? Ta ein skål i mjølk torsdag morgon og post biletet ditt på facebook, instagram eller Twitter. Bruk emneknaggane #worldmilkday og #melkeskål.

 

Slik kan de gjerast! Ta ein melkeskål du og. #worldmilkday #melkeskål

Slik gjer du:

Skål i mjølk og ta ein sjølvi, eller få nokon til å ta eit bilete av deg, gjerne med familie og venner.

Del bildet på Facebook, Instagram eller Twitter med emneknaggane #worldmilkday og #melkeskål.

Viss du ønskjer å sjå folk skåla i mjølk over heile verda, registrer deg på thunderclap på  www.worldmilkday2017.com.

I Norge er det Opplysningskontoret for meieriprodukt som frontar kampanjen.